Lørdag 26. jan 2019 kl. 20:00

Per Mathisen Super Trio Deluxe

Stord Jazzklubb / Grand Hotell
Stord

PER MATHISEN SUPER TRIO DELUXE

Desse glitrande instrumentalistane og deira samspel seg imellom tar garantert pusten frå ein og gir publikum skrekkblanda fryd!
Plateartisten og kompositøren, leiaren og grunnleggjaren av denne trioen, Per Mathisen, er ikkje berre det norske svaret på Jaco Pastorius på elbass, men også det norske svaret på Niels Henning Ørsted Pedersen på kontrabass. Per «Bass Viking» Mathisen er den hottaste bassisten her på berget, og han blir ofte tittelert på same vis i verdsmålestokk.
Plateartist, komponist og Grammy-nominerte Ulf Wakenius på gitar er ein av dei mest berømte svenske musikarane nokosinne. Han vart av ein aldrande Oscar Peterson omtalt som ein av verdas største gitaristar.
Plateartist, kompositør og multiinstrumentalist Gary Husband frå UK er kjend som batterist verda over. Han er og ein anerkjend keyboard-artist. Ingen andre jazzmusikarar i verda kan visa til slik ei langvarig dobbelinstrumental karriere som Gary Husband.
Få med deg denne «godbiten» av ein heavy jazzkonsert!

Pris:
300/200/100

ordinær/medlem/student

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev